Hei ryper,
det blir trim i kveld - siste økta før juleribba.
Kjem du?
Lillian :D
Vi møtest kvar veke for kroppsleg vedlikehald - med ei målsetning om å bli litt sprekare for kvar tysdag som går...
tirsdag 20. desember 2011
tirsdag 13. desember 2011
Trim avlyst - igjen... 13.12.11
Denne gongen er det omgongssjuke. Om det ikkje er det eine, så er det det andre...
Beklager!
Nokon sa at første året med ungar i barnehage inneber mange "sjuker", og no har eg starta å tru litt på det, for dette er ikkje vanleg.
Dåkke får trimme litt sjølv i kveld istaden ;)
Neste tysdag er siste før jul, og vi skal i allefall ha den!
Lillian

tirsdag 6. desember 2011
Tjohoi!!! I kveld blir det trim - 06.12.11
Etter 3 veker med treningstørke blir det endeleg ei økt i kveld...
Håpar flest mogeleg kan ta pause i juleforbeiingane og vere med å sveitte litt!
Vi sjåast i kveld ryper :D

tirsdag 29. november 2011
Trim avlyst - igjen....
Beklager damer,
men vi er ikkje heilt ferdige med influensa endå her i huset... Seigliva greier.
Håpar på betre lukke neste veke - 3 gongar på rad med avlyst trim er ikkje moro.

tirsdag 22. november 2011
22.11.11 - Kveldens trim avlyst grunna sjukdom
Hei damer,
er lei for det, men eg må avlyse i kveld også.
Har ei dotter med høg feber, og er ikkje frisk sjølv heller.
Men møt gjerne opp likevel og ta ein aktiv kveld i friluft :)

tirsdag 15. november 2011
15.11.11 - Kveldens trim er avlyst
Hei damer,
det blir ikkje trening i kveld desverre.
- Men vi tek det att neste veke ;D

tirsdag 18. oktober 2011
Innbetaling av medlemskap / kontigent
Hei damer,
Kontigent kr 350,- for perioden haust 2010/vår 2011 (fylgjer skuleåret)
kan betalast inn til Hildre Idrettslag, konto nr 4005.20.60305
Merk innbetalinga med Kontigent, namnet ditt og fødselsår.
Fødselesår er viktig pga innmelding av data til Noregs Idrettsforbund, samt søknad om støtte til idrettslaget.
Ta kontakt om noko er uklart.

Tysdag 18.10.11 - Sjåast på trim i kveld!
Hei hei ryper,
i kveld blir det trening som normalt - i tilfelle nokon lurte på det...
Husk strikk - i dag skal vi "strikke oss" litt ekstra.
Vi trimmast,

tirsdag 11. oktober 2011
Tysdag 11.10 - Trim avlyst
Hei Rypene,
pga barn med feber og forberedelse til begravelse i morgon, har eg ikkje sjans til å trimme oss i kveld. Beklager, men kveldens treningsøkt er avlyst... Vonar de har forståing for dette.
- Vi får heller ta i litt ekstra neste tysdag ;D
Men fordi om ikkje eg kan i kveld, så må de gjerne møte opp likevel med varme klede og ta ein frisk tur saman - Hildredalen er alltid klar for besøk !
Lillian :)

tirsdag 4. oktober 2011
Tirsdag 04.10.11 - Jepp, vi trenar i dag også
- sjølv om det bles :)
Same program som sist, men ikkje så mange utfallsknebøy.
Eg hadde gangesperre heilt til fredag forrige veke....!
Vi trenast i kveld :D

tirsdag 27. september 2011
Trening tirsdag 27.09.11
Hei ryper,
trening som vanleg i dag:
20-30 min oppvarming
50-60 min styrketrening
Tøy og bøy - avslapping
Ser dåkke kl 20.00 - Vi trenast :D
trening som vanleg i dag:
20-30 min oppvarming
50-60 min styrketrening
Tøy og bøy - avslapping
Ser dåkke kl 20.00 - Vi trenast :D
torsdag 22. september 2011
Torsdag 22.09.11 - Fjelltur?
Hei rypene,
eg har fått influense og er nede for telling, og Nina er på jobb til seint på Harøya.
Kveldens trening er difor desverre avlyst... :(
-Men dåkke må gjerne møte opp likevel og ta ein rask tur i Hildredalen eller gjere noko anna aktivt ilag!

mandag 19. september 2011
Trening flytta til torsdag 22.09 kl 19.30
Hei damer,
då eg skal bort i kveld og det ikkje passar for Nina å leie trimmen,
utset vi den til torsdag kl 19.30 - 20.30 denne veka.
Neste veke blir som normalt.
Ti trenast på torsdag :D

mandag 12. september 2011
Tysdag 13.09.11
Hei Rypene,
Vi køyrer stort sett same program som forrige veke, men forhåpentlegvis utan hakk i plata :D
15-20 min - God oppvarming
55-60 min - Styrketrening (Armer, bein, bryst, rygg, mage og rumpe + litt balanse)
10 min - Bøy og tøy
Ta med:
- Drikkeflaske
- strikk og/eller vekter
- Matte og/eller handduk
- Gode innesko
- GODT HUMØR
Ser deg i morgon?
Vi trenast :D

tirsdag 6. september 2011
Velkommen til første "Rype-trim" i kveld!
Klar for trim i kveld?
Første trening kjem til å bestå av
- Oppvarming 15-20 min
- Styrketrening 50-60 min
- Avspenne slitne musklar resten av tida
Eg kjem til å bruke tid på å forklare øvelsane og teknikk, dette er viktig i starten.
Nokre av dåkke er godt trente, andre startar frå scratch. Treninga skal passe for alle.
-Kjenn etter kva du sjølv klarer, og ta pause når som helst om du treng det.
-Ta lengre steg og bruk meir armer - eller kort inn strikken - om du føler det blir for lite trøkk.
Ta med:
Gode innesko med demping
Handvekter / 2x1/2l flaske med sand og vatn
Strikk med eller utan handtak (begge deler kan brukast)
Lita matte / Handduk
Drikkeflaske
GODT HUMØR
Gå inn garderobeinngangen, og skift til innesko før du går inn i salen.
Gler meg til å møte dåkke i kveld, dette blir gøy! Og litt travelt...
Vi trenast :D
Hilsen Lillian

mandag 29. august 2011
Ymse spørsmål
Har fått nokre spørsmål....
1. Første trening blir tysdag 06.09.11 kl 20.00
2. Antrekk: Treningsklede som er gode å bevege seg i. Syltrang dongeri er ikkje tingen... Den gamle treningsbuksa med hol på knea frå nittenpilogbue er like god som splitter ny rönish frå i går - Det viktigaste er at du trivst og føler deg vel i kleda.
3. Ta med:
- Drikkeflaske,
- Treningsstrikk med eller utan "handtak". Du får kjøpt slike på Sport1 i Brattvåg. Dei fleste sportsbutikkar har slike.
- Handvekter (evt. 1/2l-flaske med sand og vatn),
- Sitteunderlag/treningsmatte (godt å ha under kne og rumpe om vi synest golvet er litt hardt...)
- Gode sko med demping, og her er det INNEGYM som gjeld. Dvs reine sko som ikkje lagar merke.
- GODT HUMØR.
Gler meg til å trene saman med dåkke, dette blir gøy!

søndag 14. august 2011
Tirsdagstrim...? - DET BLIR !
Heisann alle rypene,
det blir trim!
Oppstart tirsdag 06.September kl 20.00 - 21.30 i gymsalen på Hildre.
Påmelding til lillian.flem@gmail.com
Ta med:
- gode sko
- handvekter (Fyll opp to halvlitersflasker med sand og vatn om du ikkje har)
- strikk (Sport1 i Brattvåg sel slike i ulike styrkegradar)
- liten handduk
- GODT HUMØR
Pris: Medlemskap i Hildre IL
Eg gler meg til å trimme saman med dåkke, det skal bli så godt å få fart på skrotten igjen!
- For ikkje å snakke om kor glad skrotten kjem til å bli for litt omtanke ;D
Vi trimmast,
Helsing Lillian :D

tirsdag 12. juli 2011
Er du komen i vedlikehaldsalderen? TRENE?
Eg er definitivt komen dit... Men eg ville aldri innrømme det offentleg ;D...
Og eg har lenge sakna eit treningstilbod for damer på Hildre som kan motvirke det kroppslege forfallet til ein viss grad.
Difor har eg kontakta Øystein Sørli og Hildre Idrettslag, og fått foreløpig treningstid
kl 20.00 på tysdagar frå hausten 2011.
- Vil du vere med å trene? Og kanskje kjenner du nokon andre også som vil?
Opplegget går ut på at ei treningsøkt varer frå 1 - 1,5 time med:
* 10-15 min oppvarming
* 50-60 min styrketrening
* Nedtrapping, bøy og tøy til slutt...
Dette er lavterskel "stram-opp" styrketrening med fokus på kjernemuskulatur, balanse og sjølvsagt også mat for dei store muskelgruppene.
Kvar enkelt må kjenne etter kor mykje ein klarer å yte sjølv, men det vil bli utfordringar for dei fleste - vi skal kjenne at vi er slitne etter økta.
Målet med treninga er å bli i betre form og vedlikehalde kroppen som vi tross alt skal bo i resten av livet, og det skader heller ikkje å få stramma opp litt her og der.
Det du treng for å vere med er
- gode sko
- godt humør
- treningsstrikk
- handduk
Om interessa er der, kjøper vi også inn BOSU på sikt. Dette er ein halv ball med ei hard og ei mjuk side, som kan brukast til mange typer trening - går fint i baksetet på bilen :)
For info, sjå http://www.bosu.com/
Ei forutsetning er at dei som er med på treninga er medlem av Hildre Idrettslag. Dette ordnar vi i fellesskap ved oppstart for dei som ikkje er medlem frå før. Pris er regulert av Hildre Idrettslag sine satsar.
All trening er på eige ansvar, då dette blir drive på frivilleg basis.

Abonner på:
Innlegg (Atom)