Har fått nokre spørsmål....
1. Første trening blir tysdag 06.09.11 kl 20.00
2. Antrekk: Treningsklede som er gode å bevege seg i. Syltrang dongeri er ikkje tingen... Den gamle treningsbuksa med hol på knea frå nittenpilogbue er like god som splitter ny rönish frå i går - Det viktigaste er at du trivst og føler deg vel i kleda.
3. Ta med:
- Drikkeflaske,
- Treningsstrikk med eller utan "handtak". Du får kjøpt slike på Sport1 i Brattvåg. Dei fleste sportsbutikkar har slike.
- Handvekter (evt. 1/2l-flaske med sand og vatn),
- Sitteunderlag/treningsmatte (godt å ha under kne og rumpe om vi synest golvet er litt hardt...)
- Gode sko med demping, og her er det INNEGYM som gjeld. Dvs reine sko som ikkje lagar merke.
- GODT HUMØR.
Gler meg til å trene saman med dåkke, dette blir gøy!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar