Hei damer,
eg har eit styremøte i ÅRIM i kveld, så ingen trim i kveld heller.
Har prøvd å ordna tid til trim kvar tysdag - men det går ikkje opp.
Tysdag er ein populær møtedag, og jobb går framfor fritidsaktivitet.
Eg innser at eg har teke på meg for mykje, og gong på gong må eg avlyse. Visste i utgangspunktet at det kom til å bli ein og anna tysdagen utan trim, men prøvde likevel fordi eg synest det er så viktig å ha eit trimtilbod på Hildre! Hadde ikkje teke første året i barnehage og sjukdom med i beregninga, og det har blitt ein del meir jobb på kveldstid enn beregna også...
Eg foreslår av vi avsluttar tysdagstrimmen når treningssenteret i Brattvåg opnar. Då har vi i allefall eit proft tilbod for alle tilgjengeleg innan fornuftig avstand.
Beklager at det må bli slik, men eg strekk ikkje til.
Kom gjerne med tilbakemeldingar.
- og om nokon føler for å ta over stafettpinnen, så støttar eg gjerne opp og kan bidra om ynskjeleg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar