tirsdag 12. juli 2011

Er du komen i vedlikehaldsalderen? TRENE?

Eg er definitivt komen dit... Men eg ville aldri innrømme det offentleg ;D...
Og eg har lenge sakna eit treningstilbod for damer på Hildre som kan motvirke det kroppslege forfallet til ein viss grad.
Difor har eg kontakta Øystein Sørli og Hildre Idrettslag, og fått foreløpig treningstid
kl 20.00 på tysdagar frå hausten 2011.

- Vil du vere med å trene? Og kanskje kjenner du nokon andre også som vil?

Opplegget går ut på at ei treningsøkt varer frå 1 - 1,5 time med:
* 10-15 min oppvarming
* 50-60 min styrketrening
* Nedtrapping, bøy og tøy til slutt...

Dette er lavterskel "stram-opp" styrketrening med fokus på kjernemuskulatur, balanse og sjølvsagt også mat for dei store muskelgruppene.
Kvar enkelt må kjenne etter kor mykje ein klarer å yte sjølv, men det vil bli utfordringar for dei fleste - vi skal kjenne at vi er slitne etter økta.

Målet med treninga er å bli i betre form og vedlikehalde kroppen som vi tross alt skal bo i resten av livet, og det skader heller ikkje å få stramma opp litt her og der.

Det du treng for å vere med er
- gode sko
- godt humør
- treningsstrikk
- handduk
Om interessa er der, kjøper vi også inn BOSU på sikt. Dette er ein halv ball med ei hard og ei mjuk side, som kan brukast til mange typer trening - går fint i baksetet på bilen :)
For info, sjå http://www.bosu.com/

Ei forutsetning er at dei som er med på treninga er medlem av Hildre Idrettslag. Dette ordnar vi i fellesskap ved oppstart for dei som ikkje er medlem frå før. Pris er regulert av Hildre Idrettslag sine satsar.

All trening er på eige ansvar, då dette blir drive på frivilleg basis.

1 kommentar:

  1. Hei!
    Dette vil eg gjerne vere med på :-) Eg er ikkje medlem i Hildre IL, men det let seg vel ordne, sjølv om er frå Brattvågen?
    Mvh
    Randi O. Alvestad

    SvarSlett