tirsdag 27. mars 2012

Ingen trim - 27.03.12

Hei,
har fortsatt sjukdom i hus, og neste veke er det påske.

Treningssenteret i Brattvåg opnar 10.April :D
http://www.aktivtrening.no/

Eg takkar for laget, det har vore kjempekjekt å trimme saman med dåkke!

Lukke til vidare,
Lillian :)

tirsdag 20. mars 2012

20.03.12 - Avlyst igjen

Hei damer,
eg har eit styremøte i ÅRIM i kveld, så ingen trim i kveld heller.

Har prøvd å ordna tid til trim kvar tysdag - men det går ikkje opp.
Tysdag er ein populær møtedag, og jobb går framfor fritidsaktivitet.
Eg innser at eg har teke på meg for mykje, og gong på gong må eg avlyse. Visste i utgangspunktet at det kom til å bli ein og anna tysdagen utan trim, men prøvde likevel fordi eg synest det er så viktig å ha eit trimtilbod på Hildre! Hadde ikkje teke første året i barnehage og sjukdom med i beregninga, og det har blitt ein del meir jobb på kveldstid enn beregna også...
Eg foreslår av vi avsluttar tysdagstrimmen når treningssenteret i Brattvåg opnar. Då har vi i allefall eit proft tilbod for alle tilgjengeleg innan fornuftig avstand.

Beklager at det må bli slik, men eg strekk ikkje til.
Kom gjerne med tilbakemeldingar.
- og om nokon føler for å ta over stafettpinnen, så støttar eg gjerne opp og kan bidra om ynskjeleg!

tirsdag 13. mars 2012

Avlyst igjen... 13.03.12

Veit ikkje korleis eg skal seie dette,
men eg har feber og influense. Var bra i går etter ei helg nede for telling, men det har blussa opp att i dag med feber og "frostrier".
MAX UFLAX!

Er svært lei for det, men ser meg nøydd til å avlyse også i dag...

Jammen godt det blir treningssenter i Brattvåg!

Helsing frå Lillian med dårleg samvit.

tirsdag 6. mars 2012

Ingen trim i dag! 06.03.12

Beklager på det sterkaste sein beskjed...!
Eg er i Kristiansund på jobb.

Lillian

tirsdag 28. februar 2012

TRIM 28.02.12 - AVLYST

Hei damer,
eg har "sparka av" ein tånegl som gjer at det er skikkeleg vondt å gå/springe.
Difor ser eg meg nøydd til å avlyse trimmen i kveld.

Beklager!

Lillian

tirsdag 21. februar 2012

TRIM 21.02.12 - Ny musikk :D

Hei ryper,
i kveld blir det boller! Men ikkje i direkte forstand...
Men ny musikk til kondisjonsdelen blir det.
- Rykande fersk, rett frå postkassa i går. Jippiiiiiii!!!

Vi trimmast :D

tirsdag 14. februar 2012

TRIM på valentinsdagen 14.02? Jada.. :D

Hei damer,
det blir trim i kveld.

Så gjer frå dåkke romantikken enten før 20.00 eller spar den til etter 21.30 ;) Tjihi...

Vi trimmast!